Heim

Tveit Søndre Gardsmat

KORTREIST MAT

TVEIT SØNDRE GARD

Om

TVEIT SØNDRE GARD

Grunntanken for å drive eigen kjøttforedling, er med mange års erfaring innan kjøttbransjen og at me har storfe på garden, slik at valet blei produksjon av kalv.

 

Eit produksjonslokale vart bygd og me kunne ta heim igjen kalvane våre etter at dei er slakta på Fatland Slakteri, og godkjent av mattilsynet.

 

Tveit Søndre Gardsmat er opptatt av at kjøttet me produserer skal være av beste kvalitet, og me gir gode råd og veiledning til kundane om korleis kjøttet skal tilberedas for å oppnå beste resultat.

 

Kortreist mat er eit passande ordtak for oss, kalv i frå eigen gard, hjort i frå Vindafjord, lam direkte frå fjellbeite i Etnesfjella (Blomstølen) og villsaulam frå Bjelland i Åkerfjorden. Slik skapar me produkt med eigen identitet.

 

Håpar du vil nyte eit godt måltid, og at du vil prøve fleire av våre produkt.

 

•Partering av hjort, reinsdyr og elg

•Partering av storfe, lam og gris

•Kurs i skjering, partering og pakking

 

- Kjell Vidar Øglænd

Copyright @Kjell Vidar Øglænd