Om oss

Tveit Søndre Gardsmat

Vår historie

Garden

Tveit Søndre

 

ligg på begge sider av hovudvegen frå Ølen opp mot Fikse og Etne.

Namnet Tveit kjem sannsynlegvis av ei opning i skogen eller ei rydning.

Garden er gammal og vart rekna tilbake til eldre jernalder ( 400-600 e.Kr) i mellomalderen eller vikingtida kan Erling Skakke ha råda over jorda.

 

På 1160 talet skipa Erling Skakke Halsnøy kloster, samstundes ga han frå seg ei stor jordgave til klosteret, og her var kanskje tveit med fordi det har blitt betalt landskyld og voren rekna som klostergods fram til 1758. Det har vore mykje historie, folk og slekter på tveit.

 

År 2000 kjøpte me garden, og med påbygg på fjos, samt nydyrking og leige av meir jord har me på den tida tredobla produksjonen av melk og kjøtt.

 

Grunntanken for å drive eigen kjøttforedling, er med mange års erfaring innan kjøttbransjen og at me har storfe på garden, slik at valget blei produksjon av kalv. Eit produksjonslokale vart bygd og me kunne ta heim igjen kalvane våre etter at dei er slakta på Fatland Slakteri, og godkjent av mattilsynet.

 

Tveit Søndre Gardsmat er opptatt av at kjøttet me produserer skal være av beste kvalitet og gir råd og veiledning til kundane korleis kjøttet skal tilbredas for å oppnå beste resultat.

Kortreist mat er eit passande ordtak for oss, kalv i frå eigen gard, hjort frå Vindafjord, lam direkte frå fjellbeite i Etnefjell (Blomstølen) og villsaulam frå Bjelland i Åkerfjorden, slik skapar me produkt med eigen identitet.

Håpar du vil nyte eit godt måltid, og at du vil prøve fleire av våre produkt:

 

•Partering av hjort, reinsdyr og elg

•Partering av storfe, lam og gris

•Kurs i skjering, partering og pakking

 

Produkta til Tveit Søndre Gardsmat:

kalv kjøttdeig, sosekjøtt, surret steiker, indrefilet/ytrefilet, rundbiff, mørbrad og flatbiff. Biffene er langtidsmodna.

 

 

 

Arbeidet

som ligg bak

Me veit kva som må til for å få fram det beste i kjøtet me gir deg som kunde!

Lang erfaring og lidenskap for arbeidet, gjev deg som kunde beste kvalitet!

 

Kjell Vidar Øglænd.

Født 1970 oppvaksen på garden Hiksdal i Ølen.

 

Har jobba både på Fatland slakteri i Ølen og Nortura i Sandeid,

og 2 år som kjøttfaglærar på Ølen- vidergående skule.

 

Til saman 25 år med erfaring og 2 fagbrev.

 

Driv Garden Tveit søndre og Tveit søndre gardsmat i Ølen.

Kjøtt og melkeprodusent i 15 år.

 

Interesser:

Jakt, fiske og ivrig hjortejeger.

Er såkalla hobby-kokk

 

Eg likar ordtaket "frå bås til bord". Eg jobbar med produksjon av kjøtt og mjølk som vil stå på bordet ditt, -og med 25 år i kjøttbransje og 15 år som bonde er det ein god kombinasjon for å kunne gi deg eit godt produkt, og gode råd for eit vellukka måltid.

Kjell Vidar Øglænd

Møt

Sjefen sjøl!

Copyright @Kjell Vidar Øglænd